Før kampen: Nordstrand – Bergsøy Idrettslag

Før kampen: Nordstrand

Bergsøy er ute etter å befeste posisjonen sin på fyrsteplass når Nordstrand kjem på besøk til REM Arena søndag 25. januar klokka 16:00!

Bergsøy byrja nyåret på best mogleg måte då dei valsa over tabelljumbo Grenland med siffera 39-29 i Skienshallen førre søndag. No blir det ei langt tøffare oppgave når Nordstrand kjem på besøk til REM Arena Fosnavåg.

Herrane frå østlandet har vist til gode resultat med tre strake sigerar. Førre helg slo dei Tiller 30-23, før det slo dei Bjørnar 43-31 og Lillestrøm 27-24. Det er eit lag i storform som kjem på besøk til Fosnavåg for å ta med seg to poeng heim til austlandet.

TILBAKE FRÅ SKADE

Ei gledelig nyheit for Bergsøy er at den danske playmakeren Kristoffer Rosenkilde blir å finne i troppa, for fyrste gong sidan han skada seg mot Tiller den 15. november. Ein kraftig overtråkk har satt den energiske bakspelaren ut av spel i ein lengre periode, men no er han tilbake i full trening og det blir eit gledelig gjensyn med spelaren som var i storform rett før skaden!

Rosenkilde er friskmeldt til Nordstrand-kampen etter eit lengre skadeavrekk i ankelen! (Foto: Eivind Sævik)

UTE ETTER Å BEHALDE FYRSTEPLASSEN!

Medan Viking TIF og Bodø har vunnet sine representive kampar, er det fortsatt eit rotterace om kven som ligg øvst på tabellen. Akkurat no ligg Bergsøy fortsatt på topp med betre målforskjell enn Viking TIF, og Bodø jagande hakk i hæl med poenget bak. Bergsøy er med andre ord avhengig av to poeng mot formsterke Norstrand for å behalde tabelltopp.

Vi sjåast i REM Arena Fosnavåg komande søndag klokka 16:00!

Billettar kjøpast her: https://bergsoyil.woow.no/event-buy/4986