Grønt lys for elitespel i Rem Arena! – Bergsøy Idrettslag

Grønt lys for elitespel i Rem Arena!

Etter lang tids venting kan vi endeleg sleppe jubelen laus: Bergsøy Handball har fått innvilga dispensasjon til å spele elitekampar i Rem Arena!

Dette er ei stor og viktig stadfesting – både for klubben, lokalmiljøet og alle våre lojale supportarar som har stått bak oss heile vegen. No skal elitespel opplevast der det høyrer heime: på heimebane i Fosnavåg.

For å møte krava som følgjer med dispensasjonen, skal vi no i gang med fleire spennande grep i arenaen. Mellom anna skal det byggjast ein ny mesanin over tribunen, som vil gi profesjonelle fasilitetar til TV-produksjon, kommentatorar, speaker og DJ. Samtidig frigjer vi verdifulle plassar på tribunen – noko som betyr at endå fleire kan få med seg kampane frå tribuneplass.

Vi skal òg leggje fram ein konkret plan for å auke publikumskapasiteten ytterlegare. Dette arbeidet er allereie godt i gang, og ambisjonen er klar: Frå sesongen 2027/2028 skal vi kunne tilby vesentleg fleire plassar og endå betre rammer rundt kampopplevinga.

Prosjektbygg har utarbeidd skisser som viser korleis mesaninen kan bli sjåande ut.

Dette er meir enn ei dispensasjon – det er eit stort steg vidare for Bergsøy Handball. Vi gler oss enormt til å fylle hallen med liv, engasjement og topp handball – saman med publikum, samarbeidspartnarar og heile lokalsamfunnet.

Velkommen til elitespel i Rem-Arena!