To millionar kroner til framtida – takk, SPAREBANKSTIFTINGA SØRE SUNNMØRE! – Bergsøy Idrettslag

To millionar kroner til framtida – takk, SPAREBANKSTIFTINGA SØRE SUNNMØRE!

Bergsøy Handball er både stolte, audmjuke og utruleg takknemlege etter tildelinga på to millionar kroner frå SPAREBANKSTIFTINGA SØRE SUNNMØRE til vidare utvikling av Rem Arena Fosnavåg.

Dette er ikkje berre ei investering i ein handballhall. Dette er ei investering i framtidstru, fellesskap og i Herøy som ein enda betre plass å bu.

Etter historiske prestasjonar frå vårt unge og fremadstormande herrelag står vi no framfor det største eventyret klubben nokon gong har vore med på. Som det første herrelaget i historia mellom Bergen og Trondheim er Bergsøy Handball klare for Eliteserien sesongen 2026/2027.

Samtidig er vi opptatt av å vise at dette ikkje handlar om ei døgnfluge.

Ny trenar og spelarstall for neste sesong er så godt som på plass, og vi jobbar kvar dag for å rigge klubben for framtida. Vi har no fått dispensasjon til å bruke Rem Arena i Eliteserien, dersom vi gjennomfører mindre tilpassingar – mellom anna bygging av messanin for presse og andre nødvendige oppgraderingar. Parallelt med dette arbeidet ser i no på korleis vi kan utvide hallen for å tilfredsstille krava til Norges Handballforbund for vidare spel i Eliteserien i framtida.

Vi har også tidlegare spelt på dispensasjon i 1. divisjon, og vi har lenge sett at hallen har blitt for liten – både i forhold til krav og ikkje minst interessa frå publikum.

For handball har vorte folkefest i Herøy.

Rem Arena har utvikla seg til å bli ein av dei mest intense og stemningsfulle hallane i norsk handball. Ein hall som motstandarane både fryktar og elskar. Den intime atmosfæren, det enorme engasjementet og støtta frå tribunene gir spelarane våre noko heilt ekstra.

Supportarane våre – Bergsøy sin 8. spelar – løftar laget fram når det verkeleg gjeld.

No ønsker vi å legge til rette for at enda fleire skal få oppleve den magiske stemninga i Rem Arena.

Visjonen vår er klar: Vi er «meir enn en handballklubb». Vi ønsker å gjere Herøy til ein betre plass å bu gjennom å bedre aktivitetstilbudet i kommunen. Dette ønsker vi å få til ved å utruste spelerane våra med gode haldningar og verdier, og sørge for at inkludering, respekt og likeverd er grunnlaget for en trygg og god arena som har plass til alle – alltid.

Vi trur på at topp avlar bredde. Vi ønskjer å skape talent, tiltrekke oss talent og få talenta heim igjen til regionen etter utdanning og erfaring andre stadar. Vi ønskjer at Bergsøy Handball skal vere den foretrukne handballklubben i regionen – til glede for både idretten, næringslivet og lokalsamfunnet.

Men vi hadde aldri vore der vi er i dag utan støttespelarane våre.

Frå frivillige og supportarar til sponsorar og samarbeidspartnarar – dette er noko vi skaper saman.

Difor betyr denne tildelinga enormt mykje for oss. Ho gir oss ein grobotn for vidare utvikling og moglegheita til å bygge noko som kan vare lenge.

Vi har eit felles mål om å gjere regionen sterkare, meir attraktiv og meir levande.

Tusen takk, SPAREBANKSTIFTINGA SØRE SUNNMØRE. Dette betyr meir enn de anar.